"Peacekeepers and Troublemakers - International Conflict and Crisis Management"


Tekst: Turid Astrid Reksten, Foto: Atlantsammenslutningen


Aalborg Airbase 4-10 juli: Nærare 40 ungdomar frå over 20 land var i sommer samla til DAYS 2007 på Aalborg Airbase. Seminaret hadde overskrift "Peacekeepers and Troublemakers - International Conflict and Crisis Management". Frå Noreg deltok Turid Astrid Reksten og Paal Anker-Nilssen.

Tema var Kaukasus og vi hadde ei rekkje med gode foredrag før vi dei siste dagane simulerte ein konflikt. Då fekk vi utdelt land og roller, t.d. som representantar for ulike land, NATO eller FN, eller journalist. Paal vart president i Armenia, medan Turid var utanriksminister i Tyrkia. Nokre av foredraga tok føre seg internasjonale operasjonar og mandat generelt, og også geopolitikk og energi, medan andre igjen gjekk meir spesifikt inn på tematikken knytt til Kaukasus, sett frå ulike perspektiv t.d. både frå russisk og amerikansk side. Ei god innføring i Kaukasuskonflikten og dei involverte landa, var heilt naudsynt for å kunne delta på ein god måte i simuleringa. Stort sett var foredragshaldarane svært dyktige, og samansetninga av kjende namn frå både LSE, utanrikstenesta og det militære gav ein god dynamikk.

MDeltakarane fann seg stort sett fort til rette i rollene sine, sjølv om det kunne vere utfordrande t.d. for ein amerikanar å spele president i Iran! Temperaturen kunne bli høg undervegs. Forutan foredrag og simulering, som var svært lærerike, hadde vi også sjølvsagt sosiale aktivitetar, deriblant ei økt med dansk folkedans og nokre ekskursjonar slik at danskane skulle få vise fram kva Danmark har å by på. Ein tur til Skagen og omvisning i Aalborg kan nemnast. Vi hadde stort sett regn, så når kvelden kom heldt vi oss stort sett inne i baren. Det var riktig så triveleg. Noreg kom til finalen i songkonkurransen :) Gjengen vart godt samansveisa og vi vil verkeleg tilrå andre å bli med på DAYS ved seinare høve!

Du kan lses mer om DAYS på Atlantsammenslutningen sine nettsider her.
Mai 2012

Ma Ti On To Fr Lø Sø
01 02 03 04 05 06
07 08 09 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31

Info

Interessert i utenriks- og sikkerhetspolitikk? Savner du et spennende miljø hvor du kan møte og påvirke fagpersoner, institusjoner og politikere?

YATA er et partipolitisk uavhengig nettverk av studenter, kadetter, unge forskere og arbeidsaktive. Vi er tilknyttet Den norske Atlanterhavskomité og tar aktivt del i et internasjonalt nettverk av YATA organisasjoner som finnes i 35 land.