SIMTAN 2007 Lisboa, Portugal


Tekst: Inge Degnepoll (YATA Bergen), Foto: Inge Degnepoll


Lisboa 16 - 20 mai: SIMOTAN er ei simulering av ministerrådet i NATO som vert arrangert av YATA Portugal i samarbeid med Universitetet i Lisboa. Deltakarar vert invitert frå alle nasjonale YATA-organisasjonar. Det er sjølvsagt ei overvekt av portugisiske deltakarar. Eg merka meg at det i år ikkje var deltakarar frå USA, Storbritannia, Frankrike, Spania eller Tyskland medan nye NATO-land som Tsjekkia og PfP-land som Russland og Georgia var representert. I år vart SIMOTAN arrangert onsdag 16. til søndag 20. mai.

Alle utgifter i samband med reise og opphald vert dekka av YATA Portugal. Vanlegvis vert alle bestillingar òg gjort av dei. Då reisa nærma seg fekk eg ein mail frå arrangørane om at eg måtte bestille flyreise sjølv. Det hadde eg ikkje anledning til og ba difor om å få sleppe. Arrangøren tok seg av flybestillinga, men tida hadde gått slik at prisen hadde blitt for høg for budsjettet deira. Det førte til at heimreisa måtte framskyndast èin dag. Då simuleringa vart avslutta laurdag føremiddag hadde det likevel ikkje noko innverknad på deltakinga mi i den. For framtida er det viktig å sørge for å få flyreisa i boks tidleg.

Dette var det einaste praktiske problemet i samband med deltakinga. Arrangementet og logistikken var upåklageleg og føregjekk knirkefritt.

Vi vart delt inn i lag på 3-4 personar der vi vart tildelt eit land å representere. Eg og to portugisarar representerte Tsjekkia. Det var forventa at vi skulle ha sett oss inn i kva plass landet vi representerte hadde i verdspolitikken og kva interesser det hadde. Det vart likevel gjeve noko tid til dette under simuleringa. Under møtene i ”rådet” vart det forventa at prosedyrene vart følgde og mykje tid vart brukt på å handheve desse. Møtene vart nytta til debatt og til å stemme over forslag. Pauser vart nytta til å finne samarbeidspartnarar og bli einige om felles forslag. Prosedyrereglar vart sendt på epost til deltakarane ei tid før reisa og det er svært viktig å setje seg inn i desse.

Scenarioet i år var at eit cruise-skip med statsborgarar frå NATO-land om bord hadde blitt kapra av ei al Qaida-affiliert gruppe og ført til kysten av Libya der Gadhafi var lite samarbeidsvillig. Dette var eit interessant tema der ein måtte setje seg inn i fleire fagfelt. Slik det utvikla seg var kunnskap om havets folkerett meir nyttig enn kunnskap om politiske tilhøver i Nord-Afrika. Inngåande kunnskap om NATO sin politiske og militære organisasjon er òg svært viktig. Det generelle temaet og kva fagfelt deltakarane måtte setje seg inn i vart sendt på epost ei tid før reisa slik at det var god mogelegheit til å lese seg opp.



Eg vil seie at det er vel verdt å ta del i SIMOTAN ettersom ein har eit godt fagleg utbytte spesielt i samband med dei kunnskapane ein er forventa å tileigne seg. Det å oppdage dei praktiske hindringane og mogelegheitene prosedyrene gjev er nyttig, men det som fyrst og fremst er rosina i pølsa er å få møte ungdom frå Canada til Aserbajdsjan som er interessert i desse fagfelta, utveksle meiningar og lære korleis tilhøva er i deira heimland.

Inge Degnepoll
Mai 2012

Ma Ti On To Fr Lø Sø
01 02 03 04 05 06
07 08 09 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31

Info

Interessert i utenriks- og sikkerhetspolitikk? Savner du et spennende miljø hvor du kan møte og påvirke fagpersoner, institusjoner og politikere?

YATA er et partipolitisk uavhengig nettverk av studenter, kadetter, unge forskere og arbeidsaktive. Vi er tilknyttet Den norske Atlanterhavskomité og tar aktivt del i et internasjonalt nettverk av YATA organisasjoner som finnes i 35 land.